Foldereid.no ble åpnet 15. september 2006. Ta kontakt dersom du har noe på hjertet.

E-post:
redaksjon@foldereid.no
Historiesiden
Foldereid i år 1900.
Foldereid i år 1900.

Foldereid, tidl. kommune i Nord-Trøndelag, fra 1964 delt mellom Høylandet og Nærøy kommuner. Fra tettstedet Foldereid går det riksveier til Rørvik, Brønnøysund og Grong. Foldereid er bygda omkring Indre Foldafjord i nordvestre delen av Namdal. Nordsida når fram til Bindal i Nordland fylke. Ellers grenser Foldereid til Høylandet i søraust og Nærøy i sørvest og vest.



Foldereid i 1930
Foldereid i 1930

Tidligere skrivemåter av Foldereid har vært mange. udt.(Fa`LLre også hørt:fa`LLri) Follered 1559. Follireidt, Follireydt 1590. Folderedt 1626. Falldered 1643.Faldereid 1669.Falderæid 1723.

Tatt ved Skytterhuset 17. mai 1914.
Tatt ved Skytterhuset 17. mai 1914.


Follaferja 1. Tatt i 1950/51.
Follaferja 1. Tatt i 1950/51.


















Foldereidsjøen
Foldereidsjøen














Handel i Årfor.



Før var det butikkar "aill stan", seier folk om den såkalla "gammeltida". Mykje av grunnen til at det var fleire butikkar hadde med kommunikasjon å gjere. Lokalbåtar og bygderuter hadde anløp mange stader, og fjorden var såleis den tidas riksveg. I Ytterdistriktet var vegen mellom Foldereid og Kolvereid ein av de viktigaste prosjektane. Det kosta imidlertid pengar. Den første bevilgningen på strekningen Kolvereid- Årfor ble gitt i 1926. Vi skal sjå nærmare på handelen på eitt av stadene på strekninga frå Foldereid til Kolvereid, nemlig Årfor, som er ein av mange eksemplar på stader kor det har vore liv og røre med handelsverksemd.

Blant dei første som starta handel i Årfor var Anton Hennissen i tiden 1841-54. Seinare nevnast Olava Knudsen. Ho var fødd omkring 1842 på Selnes i Helgeland. Her vart ho etter ein tid forlova med Ole Enebo. Etter at ho var komme i "omstende", drukna barnefaren. Sonen deira fekk ved dåpen farens namn. Då gutten kom opp i vaksen alder reiste han til Amerika, kor han vart restauratør for eit jernbanekompani.
Olava kom til Skaftnes hausten 1872 og kort tid etter flytta ho til Storgården for å tene der. Ikkje lenge etter vart ho gift med Johannes Knudsen, som var bygningssnekker. Han hadde òg tatt til å handle med "matvarer og ymse småtteri" på eit ledig rom i Utgården. Ekteparet bygde seg blant anna brygge, og etterkvart overtok dei poståpnarverksemda etter Jørgen Schelde i Inngården. På brygga vart det handel. Johannes døydde i 1887.
Olava Knudsen var ei driftig dame. Som enke dreiv ho med poståpneri, kramhandel, tømmer og kreaturhandel. Hun vart òg innehaver av eit sagbruk i fellesskap med naboar. Då dei bare hadde oppgangssag, foreslo ho at dei måtte skaffe seg sirkelsag, noko ho ikkje fekk kompanjongane med på. Det seies om Olava Knudsen at ho hadde ein særlig sans for framskritt. Eit av prova på dei er at ho var den første som anskaffa separator i Foldereid.
Ho dreiv i tillegg stort med kjøtthandel, kjøpte blant anna reinsslakt av "lappane", samtidig som hun sjølv skal ha halde reinsdyr for oppal og slakt. Kjøtet sende ho til Trondheim, og ho var sjølv med og avhandla produktet. Handelsvarer tok hun med heim i retur.
- Olava Knudsen var bestemor til mannen min(Bjarne Knutsen), fortel Johanne Knutsen(91) i Årfor. - Ho hadde ei svær brygge nedmed Årforsjøen, der ho selde skinn og kolonialvarer. Dei skilta som var der, både tobakksreklame og meir til, vart teken til sides da det vart rive, men desse kom diverre bort.
Frå 1908 dreiv gardbrukar Benjamin Krekling handel på Årfor. Han kom til å drive handel fleire stader, blant anna flytta han ei meieribygning, visstnok frå Leirvika til Årfora, og tok til med handel der. Denne bygninga sto om lag der kor Tore Ramfjord har husa sine i dag. Loftet på denne butikkbygninga vart bruka til forsamlingslokale, og etter eit lystig lag, brann huset ned. Imidlertid fortsatte Benjamin handelen i eit stabbur i Storgården.
Etterkvart tok han over gardsbruket Bergheim etter bror sin, gartneren Iver Krekling. Han starta opp i kjellaren i bolighuset og seinere bygde han "gammelbutikken", som den kalles enno.
- Benjamin dreiv butikken på Bergheim i 1930-åra, hugser Johanne Knutsen. -Eg minnest at han hadde drops oppi blomstrete dropsspann. Han selde desse i laus vekt og pakka dei i spiss-posar. Han var grådig når det gjaldt å gje vekk, men eg hugser at eg fekk meg eit drops av og til, humrar Johanne.
-Elles hadde han varer som sukker, mel, smør, gjær, rød sagogryn, ja til og med grimer til kyr, som han hadde hengande frå ein krok i taket. Det hang òg skrujern og nøklar i taket. Eg hugsar at han selde litt sjokolade og tobakk. Så var der òg ei stor sirupstønne. Benjamin selde det mest nødvendige i butikken. Ja ikkje melk, den kjøpte ein i gårdane, fortel Johanne.
Elen Krekling, kona til Benjamin, eit gjestgiveri på Bergheim, med overnattingsrom oppe og servering av mat nede på stua. Benjamin Krekling var elles en aktiv kar som var eigar av fleire fartøy, og han var ute i værene på fiskekjøp i skreisesongane. Benjamin Krekling var elles den første i Namdalen som anskaffa seg traktor(1918). Den vart driven med ein såkalla monitor dampmaskin, men passa dårleg for namdalske høve.

Johanna fortel at Benjamin etter endt drift på Bergheim, bygde det vi i dag enno kallar "gammelbutikken", - det som no er Kersti Rosenberg sitt hus. Der dreiv han butikk ei tid.
Der har det vore fleire eigare i ettertid. Det var blant anna Kristian Kalvik,
Paula og Arnold Sørli, Bjørg og Karstein Myklebust. Siste drivaren av butikken var Dagny Livik, som òg drev butikk i Kreklingan.
Bjørg Myklebust dreiv landhandel kor ho selde dagligvarer, men òg varer som kraftfòr, spader og tøy. Ho byrja drifta 1.september 1971 og heldt fram til hausten 1975.
- I førstninga gjekk det greit å drive, men etter kvart kjøpte fleire og fleire seg bilar, og då nytta dei seg meir av tilbodet med billigvare-butikk på Kolvereid. Så det lønde seg mindre etterkvart. Og så hadde eg to små barn og ventet ein til, så det var òg ein grunn til at eg gav meg, fortel Bjørg Myklebust. Dagny Livik fortsette butikkdrifta i "gammelbutikken" fram til 1980.

I dag er Årfor eller "Årfora" som mange seier, ein liten stad, som ikkje eingong har sitt eige stadnamnskilt. Somme tenkjer berre på "langstrækka" mellom Leirvika og Kreklingan. Men to skilt midt på denne strekka, fortel om at det framleis skjer ting i bygda. For her finn ein både klesbutikk, utleige av hytter/turisme og eit antikvariat. Nokre heldige hytte-eigare har òg sin tilholdsstad nedmed Årforsjøen, med den karakteristiske Skjoldanova som nabo.
I sommer vart det endå meir handel i bygda, for i sommar "gjenåpna" vi landhandelen i kjellaren på hovedhuset kor undertegna bur. Her er altså ei av stadene kor Benjamin Krekling dreiv handelen sin. Her kan ein gå inn i gammaltida og prøve å kjenne på korleis det var den gongen då dampbåten gjekk inn fjorden, og ein kunne gå til landhandlaren etter sirup og mangt anna rart. Så vær velkomen du òg ein gong du fèr forbi langs vegen.



av Lillian Marie Govasli



Kjelder:
(Fra Artikkel av Paul Woxeng, "Handelssteder i Ytre Namdalen".
Årbok for Namdalen 1984.)

---Nærøy bygdebok. Foldereid-bindet.

Johanne Knutsen.
Bjørg Myklebust.


Sjø-Sara.

Sjø-Sara heitte eit kvinnfolk frå Ytter-Namdalen. Ho var hardbarka og uvanleg sjødyktig. Difor berga ho mange menneske og mang ein båt frå å havne på havsens botn. I dag kan ein, dersom ein er med Hurtigruta og stoggar på Rørvik, bli møtt av eit kvinnfolk i ei flott drakt. Det er NORVEG si framstilling av Sjø-Sara. For deira utgåve av legende-kvinna losar turistar til kystkultur-senteret - og inn i historia om kystkultur og kystfolk. Og det er allereie blitt eit senter som haustar anerkjenning på verdsbasis.
Men den verkelege Sjø-Sara var ikkje eingong frå Rørvik. Nei, ho var frå fjordbygda Foldereid, kor ho vaks opp i Larsgården. Sjø-Sara heitte Sara Olsdotter, og vart fødd i 1773. Mora sitt namn var Pernille Olsdotter og ho var frå Simle. Faren heitte Ole Larsen og kom frå Foldereid gård.
Familien kjøpte Buøya, men flytte derifrå i 1785, da det ikkje vart nokon leveveg der. Den nye heimen vart Sandøya. Men dei kom i vanskar då faren måtte ut i krigsteneste mot Russland.
Sara var då 15 år og måtte saman med søskena bidra til livberginga av familien. Fiske var ein viktig del av overlevinga, og Sara fekk tidleg røynsle med sjølivet. Ho fekk god peiling på fiske etterkvart. Som sekstanåring vart ho med til Sør-Gjæslingan på fiske, og der slo ho seg ned etter nokre år.
Det er sagt at Sjø-Sara ofte sto oppe på Nakken, høgste punktet på Sør-Gjæslingan, og speida utover havet. Det hendte mange gonger at det var folk i havsnaud der ute, og Sjø-Sara var raskt ute med si hjelp.
Den sterkaste historia om Sjø-Sara er kan hende den om det som hende ein julekveld då ho fekk Sverdrup-jekta heim til Rossøya. Det hadde vore ein haust med mykje uver, og den nemnde jekta vart ansett som forsvunne.
Men så var det at Sjø-Sara sto oppe på Nakken den julekvelden og oppdaga jekta, som var fullstendig ute av kurs i snøkavet. Sjø-Sara fekk raskt med seg eit par mann og seilte utover til jekta. Ho steig om bord i jekta og førde den heim til Rossøya.
Sverdrup sjøl sette på at Sjø-Sara måtte overnatte og delta på julefeiringa saman med dei. Då skal ho ha svara: "Livet er meir enn mat og drikke". Så sigla ho attende til Sør-Gjæslingan i stormen.
Sjø-Sara vart aldri gift, men foreldra flytta utover til ho på sine gamle dagar. I alderdommen vart ho legdslem og flytta til Jøa, kor ho døydde i 1855, 82 år gammel. Og slik endar historia om Sjø-Sara frå Foldereid.

Av Lillian Marie Govasli

(Sjå også Nærøyfolket 1800-1920)
Folda bru- 40 år.
Publisert: 26.12.2009 av Agnar Holandsjø
____________________________________________________________________________________

Folda bru var 40 år den 14.des.

Folda bru- 40 år.
Av Lillian Marie Govasli



- Bruåpninga var ein stordag! Større enn 17.mai, langt større. Dette sier Odd Bach (79) frå Foldereid. Han hugser veldig godt den tolvte desemberdagen i 1969 da Folda bru endeleg vart opna. Han var lærar på skulen og heldt styr på skuleongane, som vart stilt opp ved vegen med norske flagg og instruks om å rope "Hurra!". Kolvereid og Foldereid hornmusikklag spela og oppmøtet var mannsterkt. Under brua låg M.F. "Foldereid", som gjekk sin siste offisielle tur kl. 10.15 denne dagen.

- Det har aldri vore så mange bilar på Foldereid som den dagen. Det var kø frå brua til Nordlandskorsen og sameleis var det lang kø frå andre sida. Heilt eventyrleg, mimrar Odd. Kona Kirsten hugser at skyldfolket dei venta ikkje kom seg ut av bilkøa då dei kom seg over brua. Dei måtte køyre i saktegåande kø fleire kilometer før dei kunne snu. Det tok eit par timar, minnast Kirsten. Namdalsavisa skrev: "Flaggene vaiet over bygda, store som små var ute på brustedet i tillegg til de hundreder av tilreisende fra fjern og nær."

Allereie i 1928 kom kravet om å få bru over Follafjorden ved Foldereid, men ikkje før i 1955 kom Stortingets samferdslekomitè på vitjing for å vurdere saka. Dampbåt og lokalbåt hadde vore trauste metodar for å komme seg sine vegar. Frå 1948 vart det fergesamband mellom Teplingan og Kongsmoen. I 1955 gjekk ferga fire gonger dagleg. Dampbåten, som kom skikkeleg i rute frå 1891, forsette å trafikkere parallelt med ferga heilt til på 1950-talet ein gong. Det kom nytt fergeleie på Bjøråneset i 1956. Da ferga kom vart det òg daglege bussruter til Namsos. Berre det var jo eit gjennombrot.
Det hende ofte at isen la seg tjukk på Follafjorden om vintrane. Isen var eit problem, då det lange tider ikkje var framkommeleg. Særleg ramma dette skuleongane frå sørsida av fjorden, som måtte bu delvis på internat og på gårdene på Foldereid for ei veke av gongen. Sørsida vart isolert frå verda på andre sida. Men det var ikkje berre det som laga problem. Det å reise fjorden i all slags vèr, kunne vere med livet som innsats .
"Foldafjorden kan vera vakker- helst på solskinsdagar og i måneskinskveldar når høgfjell og skoglier speglar seg i blankstilla. Men han ser ikkje støtt så blid ut, aller minst når det ryk opp til uvèr, når landvindsstormane kjem kastande over høgfjellet og piskar fjorden så sjøroket stig i høge kvervlar, driv det inn over land og legg eit grått saltlag på rutene åt dei som bur ved fjorden. Slike dagar er det ingen som vågar seg utpå, ikkje ein gong dei som er mest vant til å fara fjorden(.) Frå gamalt av var fjorden einaste farvegen ut or bygda og mellom grendene. Vegar var det lite eller inkje av"("Foldereid" av Kristian Stevik, i generelt bind av Norges bebyggelse for Nord-Trøndelag,1956)

På 1950-talet pågjekk det mudring i Foldereidsundet, først på grunn av kistransporten frå Kongsmoen, som tok til i 1953. Då kom det òg opp fleire fyrlykter og stakar ved skipsleia utanfor Sundholmen.
Kristian Stevik skreiv vidare: "Isen ligg ofte innanfor sundet og kan hindre ferdsla i månadsvis. Det er difor gode grunnar for å realisera planane om å halda fram med vegen frå Bjøråneset på sørsida så langt som til Foldereidsundet og få bru over sundet, så ein slapp ferje.

Og slik vart det. I januar 1965 vart "Foldabrulaget" stifta, med Tormod Stevik som initiativtakar. Formann var Birger Øverås. Dette laget hadde jamnlege møter og god kommunikasjon med dei som sat på pengesekken.
- Det pågjekk noko diskusjon om kvar brua skulle byggjast. Nokre meinte at Sundholmen var eit alternativ, men terrenget var dårleg. Medan dette var tema, hadde foreldra mine reine gjestgiveriet heime, med ingeniørar frå Skorovas, som gjorde førebuingar til brubyggjinga. Dei satt og diskuterte kvar brua skulle ligge. Da sa far min: "Koffør bruka dokk itj lissjgrunn?" Det var eit skjær i sundet. Da vart det greit med plasseringa, slår Odd Bach fast.
Parallelt med førebuingar og byggjing av brua, pågjekk det vegbygging på sørsida og byggjing av tunnel. I 1968 vart det trekt kabel over sundet. Under byggjinga datt det ein bruseksjon ned i sjøen. Det hadde seg slik at det akkurat da arbeidde nokre folk rett under denne, men dei slapp med sjøsprøyten.
Siv.ing. Svein Hovland fortalde til Namdal Arbeiderblad om hendinga: "Det mest dramatiske innslag opplevde vi da en monteringskran sviktet nå i høst og en hel stålseksjon ramlet ned i sjøen 40 meter under. Da svevet fire mann i livsfare. Vi heiste opp stålseksjonene på en flåte og på denne befant det seg en mann. Han var imidlertid helt kald og fikk kastet seg over på den andre siden av flåten hvor seksjonen falt i sjøen like ved. Videre ramlet det ned jekker, skruer og en del andre mindre deler, men mannen på flåten sprang fram og tilbake for å unngå å få noe i hodet, og på den måten gikk det bra. Tre mann som var opptatt med selve monteringen måtte bare klore seg fast så godt de kunne da kranen sviktet og heldigvis ble ingen skadet. Men det så stygt ut."(fra artikkel skrevet av Rolf Amdal).
Vi kan tenkje oss for eit arbeid det måtte ha vore å byggje denne brua, som jo er bygd på ein plass kor vinden får godt tak. Hovland sa til Namdal Arbeiderblad at austavinden hadde vore svært plagsom og at fjorden og fjella danna ein vindtunnel. Imidlertid hadde dei vore heldige med å få godt vèr når viktige oppgåver sto for tur.
Hele bruanlegget kosta om lag 8,5 millionar kroner. Veganlegget kom i tillegg. Tårnpillarane rager henhaldvis 71,5 og 64,5 meter over sjøen. Brudekket er på sitt høgaste 46,5 meter og skrår nedover mot 35,5 meter. Sikringsutstyret var ikkje det aller beste: Arbeidarane hadde berre ein bjelke å balansere på og med ei livrem som vern mot å dette ned i sjøen, skal vi tro Namdal Arbeiderblad fra desember 1969.

Familien Bach på Foldereid kunne følge prosessen frå orkesterplass.
- Arbeidet gjekk fort , forbausande fort. Vi fulgde godt med på bygginga,. Arbeidet var ferdig på under eitt år, seier Odd Bach.
Kona Kirsten Bach istemmer: - Det var ei letting for folket at brua kom. Det var eit spørsmål om samferdsle og det opna for større bedriftsaktivitet. Skeiebygg var allereie etablert på den tida. Trafikken vart òg jamnare. Vegen gjekk jo forbi garden vår på den tida, og det var eit kjør av bilar forbi kvar gong ferga kom. Det var smal og delvis farleg veg. Ungane hadde moro av å skrive bilnummer, men eg syntes det var eit styr med så mykje trafikk. Då brua kom, vart trafikken jamnare, i alle fall. Så vart det laga ny veg ganske snart etterpå. Den vart lagt nedanfor kyrkja.
Den aller siste fergeturen gjekk av stabelen samme dag som brua vart opna. Ferga heitte "Foldereid II".
- Ferja kom ut sundet, gjorde ein sving og fòr innover att. Eg hugsar dei tuta då dei fòr inn fjorden. Mannskapet vart sagd opp, så for dei var det nok ikkje nokon glad dag, fortel Odd Bach frå Foldereid.
Ei bru gir nær sagt alltid nokre ringverknader ut i samfunnet. Det gjorde det "inni Folla" òg. To driftige damer sette i gang med kvart sitt prosjekt, Aslaug Bergsvik med Follakroa og Åse Rolandsen med motell på Foldereid. På kvar si side av fjorden, men med samme satsingsårsak: ei bru. Som om ikkje det var nok, kan det nemnast at det var Foldereid Ferdighusfabrikk som sto for byggjinga av begge etablissementa. Fabrikken bærer i dag namnet Skeie bygg og er fortsatt med i tida. Follakroa er i dag drive av tyskarar, medan motellet, kjend som kafèen, no mest fungerer som utleielokale i tilknytnad til bensinstasjonen på Foldereid.
Tidene skifter, men byggverka rundt oss fortel ei historie om tider som var. I dag er Follabrua noko sjølvsagt. Det var ho ikkje i den tida folk fòr fjorden i uvèret i åpen farkost eller satt og venta i lange fergekøar for å komme seg vidare på reisa.
Været på Foldereid | yr.no

Redaktør: Espen Skauvik - Teknisk produksjon: ProsessKompetanse AS © 2006